Erfaringskonsulent i musikkterapi – erfaringar frå Bergensklinikken

  • Presentasjon av praksiserfaringar
  • 14.15-14.45, Egget

Frå 2017 til no har Bergensklinikken ved hjelp av prosjektmidlar frå POLYFON fått høve til å utvikle praksisnær forsking som igjen har opna for å inkludere ein erfaringskonsulent i musikkterapitilbodet ved klinikken. I dette føredraget vil erfaringskonsulenten og musikkterapeutane fortelje om erfaringane sine med dette samarbeidet, som mellom anna inkluderer å drifte ei samspelgruppe saman. I tillegg vil føredragshaldarane lufte tankar for framtidig bruk av erfaringskonsulentar i TSB, og korleis desse kan nyttast til å få til meir saumlause overgangar mellom ulike omsorgsnivå.

Foredragshaldarar

Halvor Berg, Torgeir B. Børnes og Steinar Hjelmbrekke held foredraget på POLYFON-konferansen 2019