Frå Soul Party til Starlit Vibes: Frå musikkterapi på DPS til kulturdeltaking i samfunnet

«Eit soul party er ei gruppe menneske som opplever glede og fellesskap gjennom positiv samhandling», heiter det i pressemeldinga til Soul Party sin ferske musikkvideo «So Distant We Touch». Musikkterapibandet vart etablert av to pasientar og musikkterapeut ved Bjørgvin DPS våren 2013. Etter halvanna år med klinisk musikkterapi, byrja bandet å orientere seg ut mot samfunnet. Målet var å knyte helsefremjande kontaktar i musikkmiljøet i Bergen, gjennom kulturell deltaking i byen. Slik kunne behandlinga samfunnsmusikkterapi leggje grunnlaget for sjølvstendig musikkaktivitet etter musikkterapi. Arbeidsmetodane i samfunnsmusikkterapien var eksterne konsertar, plateutgjeving og mediaoppslag. Samtidig som Soul Party hausta gode platemeldingar og spelte på konsertscener i Bergen, vart oppfølgjingstilbodet MOT82 etablert på U82-huset i Åsane. Tilbodet var tufta på tretrinnsmodellen, «inne, ute og eigedrive», og skulle gjennom positiv samhandling med andre musikkinteresserte oppretthalde tilfrisking etter musikkterapi på DPS. Musikkterapibrukarane i Soul Party byrja etter kvart å benytte seg av MOT82, og har halde fram både som brukarar og ressurspersonar der. I dag er dei aktive i brukarstyrte Starlit Vibes, og som musikkontaktar og frivillige medarbeidarar i MOT82. Både samfunnsmusikkterapi frå DPS og oppfølgjing på MOT82 har som mål å gjera musikk til ein kvardagsressurs for menneske med psykisk sjukdom. Tidlegare musikkterapipasientar Francis McAuley og Preben Samuelsen har erfaring frå båe tilboda. Gjennom konsertklipp og i samtale med musikkterapeut Øystein Lydvo vil dei formidle kva som har vore viktig for at musikk skulle bli ein kvardagsressurs for dei. Sjå og lytt til Soul Party her: http://phonofile.link/soul_party2 og her www.facebook.com/soulpartyrecords/.

Litteratur

  • Bjotveit, A., Tuastad, L., & Wormdahl, E. (2016). Evaluering av prosjektet MOT82: MusikkOppfølgingsTilbud for mennesker med psykisk lidelse i Åsane. Bergen: Helse Bergen, Bjørgvin DPS.
  • Lydvo, Ø. (2017). Frå gymsal til Garage. Samfunnsmusikkterapi på DPS. I T. Næss og E. Ruud (red.) Musikkterapi i praksis (s. 127–150). Oslo: NMH-publikasjoner 2017:1.
  • Tuastad, L. (2014). Innanfor og utanfor. Rockens rolle innan kriminalomsorg og ettervern. Avhandling for graden PhD., Universitetet i Bergen, Bergen.

Foredragshaldarar

  • Francis McAuley, gitarist/vokalist/låtskrivar i Starlit Vibes, musikkontakt og brukar av MOT82, tidlegare musikkterapipasient ved Bjørgvin Distriktspsykiatriske Senter (DPS)
  • Preben Samuelsen, trommis i Starlit Vibes, musikkontakt og brukar av MOT82, tidlegare musikkterapipasient ved Bjørgvin DPS
  • Øystein Lydvo, musikkterapeut ved Bjørgvin DPS. E-post: olyd@helse-bergen.no

Francis McAuley, Preben Samuelsen og Øystein Lydvo held foredraget på POLYFON-konferansen 2018