Musikkterapi i rusbehandling frå eit avdelingsperspektiv

  • Presentasjon av praksiserfaringar
  • 13.15-13.45, Seminarrom A

Bergensklinikken har frå 2013-2018 gjennomført eit prosjekt med formål å systematisk prøve ut og implementere musikkterapi i rusbehandling (Dale, 2014; Dale, 2019). Prosjektet var finansiert av NAV, og ein del av prosjektet gjekk ut på å prøve ut musikkterapi i avrusing og stabilisering på skuteviksklinikken i perioden juni-desember 2018. Det vart arrangert ei open gruppe 1-2 gongar i veka med moglegheit for individuell oppfølging for dei som ønskte dette. Metoden som vart brukt var ressursorientert musikkterapi (Rolvsjord, 2010) organisert som ei lavterskelgruppe. Individuell oppfølging vart tilpassa i forhold til pasienten sine ønske og mål.  Fokus i musikkterapien var på å m.a. ta vekk fokus frå somatiske problem, abstinensar, gi pasientane eit «friminutt» og så eit frø for ei meiningsfull fritid som ikkje inkluderer rus. Fokus på ressursar, styrke og moglegheiter, samt å motivere til behandling/gjere det lettare å gjennomføre behandlingsforløpet vart derfor viktig. Erfaringar frå tilsette var m.a. at det var lettare å motivere pasientane til denne gruppa og det var ei endring i stemninga på avdelinga etter gruppe. Vi forsøkte å ha høg grad av brukarmedverknad der pasientane sjølve var med på å forme gruppene. Tilbakemeldingar frå pasientane er svært positive. Dei dreg fram at det er mykje følelsar som kan dukke opp, det er ei god stemning, dei føler dei høyrer til og er del av eit fellesskap, dei fekk moglegheit til å finne tilbake til og vidareutvikle ei interesse og uttrykke deira kreativitet. Vi ønsker å formidle våre erfaringar frå musikkterapi i rusbehandling, samt skildre pasientane og andre tilsette sine tilbakemeldingar på denne terapiforma.

Referansar

Foredragshaldarar

Anne Marie Espeland Mork og Kristin Mjånes Myklebust held foredraget på POLYFON-konferansen 2019.