Musikkterapi og mentaliseringsbasert gruppebehandling for personar med borderline personlegdomsforstyrring

  • Presentasjon av praksiserfaringar
  • 13.45-14.15, Seminarrom A

Mentaliseringsbasert terapi (MBT) er evidensbasert behandling for personar med personlegdomsforstyrring. Mentalisering inneber å forstå seg sjølv og andre, eins opplevingar og handlingar i lys av mentale fenomen som kjensler, haldningar, kunnskap, håp osb. Når vi mentaliserer bruker vi både eksplisitt og implisitt informasjon i vår tolking av oss sjølve og andre. Fleire musikkterapeutar har trekt parallellar mellom musikkterapi og mentalisering (Trondalen, 2016; Hannibal & Schwantes, 2017). Å lytte til musikk kan gi oss tilgang til vår indre verd, musikken er eit eksplisitt objekt, men det er også ei handling når vi musiserer saman (Hannibal, 2019, s. 97). Det er dette som gjer at musikk og MBT er ein god kombinasjon. Vi vil presentere våre erfaringar knytt til MBT og musikkterapigruppe for ei pasientgruppe som strever med å delta i ordinær MBT-behandling, grunna utfordringar som nedsett kognitiv funksjon og/eller lærevanskar og auka angstnivå i sosiale situasjonar. Det finst døme på MBT-metodikk i gruppemusikkterapi (Hannibal, 2008), men vi har ikkje greidd å  finne døme der musikkterapi og psykoedukativ mentaliseringsbasert gruppeterapi er kombinert. Vi vil integrere musikkterapi og MBT-psykoedukasjon, målet er at musikken skal fungere som reguleringshjelp, tilføre positive kjensler og fremme leik og tryggleik. Gruppa er leia av ein psykolog og ein musikkterapeut. Musikken som deltakarane vel, vil vere ramma for samtalen kring mentalisering. Vi har tilpassa manualen frå psykoedukativ MBT gruppe (Karterud & Bateman, 2011) som vi vil bruke som støtte til tema som kjem fram i songtekstane. Deltakarane i gruppa vel om me skal lytte eller spele og synge songane. Presentasjonen omhandlar erfaringar vi har gjort oss frå starten i august 2019.

Referansar

  • Hannibal, N. (2008). Gruppemusikterapi med patienter med borderline personlighedsforstyrrelse i dagbehandlingsregi. Musikterapi i psykiatrien: årsskrift 5(1), s. 76-101. 
  • Hannibal, N. (2019). Mentalization-based treatment. I S. L. Jacobsen, I.N. Pedersen & L.O. Bonde (Red.), A Comprehensive Guide to Music Therapy, 2nd Edition (s. 93-97). London: Jessica Kingsley Publishers.
  • Hannibal, N. & Schwantes, M. (2017). Mentalization Based Treatment (MBT): A Possible Theoretical Frame for Music Therapy Practice in Clinical Psychiatry. Voices: A World Forum for Music Therapy, 17(2). https://doi.org/10.15845/voices.v17i2.897
  • Karterud, S. & Bateman, A. (2011). Manual for Mentaliseringsbasert Psykoedukativ Gruppeterapi (MBT-I). Oslo: Gyldendal Akademisk.
  • Trondalen, G. (2016). Relational Music Therapy: An Intersubjective Perspective. Dallas, TX: Barcelona Publishers.

Foredragshaldarar

Rettleiar: Agnete Fossbakk, overlege og forsking- og fagutviklingsleiar ved Øyane DPS, Helse Bergen

Ann Kristin Meberg og Malena Grov Ottesen held foredraget på POLYFON-konferansen 2019.