Musikkterapi som ein integrert del av offentleg sektor: Kva er brukaren si rolle i dette?

  • Innspel 
  • 13.45-14.15, Egget

Kommunane har ei ny yrkesgruppe i sin stab. Musikkterapeuten er på full fart inn i kommune-Noreg innanfor fleire fagområde. Fagkompetansen vert etterspurt både frå leiing, fagfolk i drift, men ikkje minst hjå brukarane/pårørande sjølv. Det er mange som ynskjer musikkterapi velkommen. Det er likevel lang veg å gå frå ynskje til at musikkterapi  er godt implementert. Her er samspelet mellom brukarperspektivet, faget/forskinga og tverrfagleg samhandling avgjerande for å lukkast. I 2012 starta ballen å rulle i Flora kommune. Engasjementet starta hjå brukargruppe, gjennom eigne opplevingar og kunnskap om musikkterapi. Engasjementet for verdige og meiningsfulle dagar var brukargruppa si drivkraft som ein tok inn i politiske og administrative fora. Engasjementet og kunnskapsdelinga fortsette. I dag er det 250% musikkterapistilling i Flora kommune. Kva vil vi? Musikkterapikompetanse er kompetansen som vi treng både i direkte arbeid med brukaren, i gruppe og til å systematisere miljøarbeid, rettleie andre tilsette i musikk- og anna miljøarbeid. Vi har valt å kalle fagområdet KULTUR I HELSE, der  musikkterapi er i lag med kunst, aktivitet og miljø. Flora kommune SKAL tilby ikkje-medikamentell behandling i omsorg. Innhald og kommunikasjon, samspel, aktivitet og oppleving SKAL vere sjølvsagt. Kultur i helse SKAL vere eit fagområde som er likestilt med andre fagområde i omsorg. Kultur i helse SKAL gjennomsyre organisasjonen på leiarnivå, planarbeid, brukarnivå og i direkte arbeid.

Foredragshaldar

Jorunn Bakke Nydal held foredraget på POLYFON-konferansen 2019