Når barnets perspektiv utfordrar: Gjennomføring av kunnskapsinformert praksis

  • Poster – Forsking
  • 10.10-10.45, Vrimlearealet

I mitt doktorgradsarbeid studerer eg blant anna barn si forståing av musikkterapi. «Gøy» er ei framtredande beskriving. Samtidig vil eg påstå at dette er eit ord som ofte ikkje blir tatt særleg seriøst av vaksne; det er ofte ikkje nok at noko er gøy. Eg brukte lang tid på å finne ut korleis eg kunne forstå dette ordet, og eg er framleis ikkje ferdig med å forstå korleis eg kan ta det med meg inn i arbeidet som musikkterapeut. Denne posteren handlar om vegen frå forsking på barn sine perspektiv på musikkterapi til å implementere denne forskinga i praksis. Vi har i dag litt forsking om korleis barn og unge opplever og forstår musikkterapi. Denne forståinga handlar foreløpig om å vere ein del av eit fellesskap og føle seg som ein verdfull deltakar. Den handlar om å føle gode følelsar, om nære relasjonar og ressursar. Samtidig møter eg system som utfordrar å gjennomføre denne forståinga. Delar av barnet høyrer heime i ulike system: Skuledagen, barnehagedagen, familien, kroppen og følelsane må takast hand om av ulike personar i ulike system, og systema snakkar ofte ikkje saman. Dette kan utfordre ein økologisk orientert musikkterapipraksis. Ein annan tematikk er kva slags helseforståing som blir prioritert. Eksisterande tilbod er ofte basert på språk og refleksjon. Barnet som eit opplevande menneske, som kanskje har mest lyst til å gjere noko som føles gøy, ser ut til å ha mindre plass. Basert på denne bakgrunnen ønsker eg å diskutere vegen frå forsking til praksis, og korleis vi kan ivareta barn sitt perspektiv når vi skal utforme og integrere ei musikkterapiteneste i eit eksisterande system.

Referansar

  • Prosjektgruppen Barne- og familiehjelpen (2017). Prosjektrapport, Bergen kommune.
  • Krüger, V. (2012). Musikk – Fortelling – Fellesskap: En kvalitativ undersøkelse av ungdommers perspektiver på deltagelse i samfunnsmusikkterapeutisk praksis i barnevernsarbeid (Doktoravhandling). Universitetet i Bergen, Bergen.
  • Roaldsnes, M. (2017). Musikk i helsefremmande arbeid med einslege mindreårige. Ei kvalitativ studie av ei musikkgruppe for ungdom med bakgrunn som einslege flyktningbarn (Doktoravhandling). Norge Musikkhøyskole, Oslo.

Posterhaldar

Kaja Elise Åslid Enge held posteren på POLYFON-konferansen 2019.