Rytmen mellom oss. Musikkterapi i gruppebehandling i BUP

  • Poster – Forsking
  • 10.10-10.45, Vrimlearealet

Problemstilling er kva betydning musikkterapi som behandlingsmetode for unge tilviste BUP med samansette utfordringar og traumeopplevingar har i prosessen mot bedring i symptom og fungering. Spørsmålet er kva aspekt det er ved musikkterapigruppa som er mest sentrale og har størst verknad? Studien søker svar på korleis dei unge beskriv sine opplevingar av gruppedeltaking. Kva ved deltakinga i musikkterapigruppa beskriv dei som positive og negative opplevingar for fungering i daglegliv; i skule og venerelasjonar? Er det det at dei uttrykker seg ved hjelp av musikk non-verbalt? At dei musiserer saman i gruppe? Gjer deltaking i gruppa at dei får ulike perspektiv på seg sjølv og andre? Ein ser på kva som skjer i gruppa som bakgrunn for betring av dei unge si fungering.  Musikkterapimetoden som er nytta er strukturert og improvisatorisk samspel og Imagery Music. Data er generert frå individuelle intervju med gruppemedlemane ved oppstart av gruppedeltaking, og etter seks månader der tilbakesyn på eigen prosess og gruppeprosessen er sentral.  Data er også generert frå gruppeleiarane sine loggnotat/skriftlege fortløpande evaluering. Hovudfunn er innan tema sosiale relasjonar, oppleving av glede og tilhøyrsle, regulering og kontakt med eigne kjensler. I sentrum for deira opplevingar og erfaringar er relasjonelle og emosjonelle stimuleringar og sansestimulering gjennom musikksamspel og -lytting i gruppa. Både relasjonsperspektivet og behandlingsmetoden ser ut til å vere vesentleg for deira auka reguleringskapasitet og prosess mot betring i symptom og fungering.  Det ser ut til særleg å vere mikroprosessar i det non-verbale musikksamspelet som kan motverke hypo- og hyperaktivering og betre evna til regulering.

Referansar

  • Courtois, C. A. & Ford, J. D. (Red.). (2009). Treating Complex Traumatic Stress Disorders: An Evidence-Based Guide. New York: Guilford Press.
  • Johns, U. T. (2018). Musical Dynamics in time-limited intersubjective child psychotherapy: An Exploration based on microanalysis of therapeutic Interplay (Doktoravhandling). Universitetet i Aalborg, Aalborg.
  • Yalom, I. & Leszcz, M. (2005). The theory and practice of group psychotherapy (5. utg.). New York: Basic Books.

Posterhaldar

  • Gunn Karoline Fugle, Cand Philol, musikkterapeut, kroppsdynamisk psykoterapeut og spesialist i klinisk pedagogikk ved BUP (psykisk helsevern for barn og unge), Helse Førde, sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane, gunn.karoline.fugle@helse-forde.no

Gunn Karoline Fugle held posteren på POLYFON-konferansen 2019.