TaM TaM: Musikkterapi og psykodrama i gruppebehandling for ungdom

Kva betydning har behandlingsmetoden TaMTaM (musikkterapi og psykodrama) i prosessen mot betring i fungering til ungdomar? Kva aspekt er det ved TamTam-gruppa som er mest sentrale og har størst verknad i høve behandling av unge med ulike utfordringar? Kva er det som verkar og er effektivt? Er det det at dei uttrykker seg ved hjelp av musikk non-verbalt, samspelar og er saman med andre i gruppe? Eller er det at kvar enkelt lærer å regulere seg gjennom mentaliseringsprosessar som kjem frå kombinasjonen av nonverbal og verbal aktivitet, at dei bearbeider traumer, og får ulike perspektiv på seg sjølv og andre? Er kombinasjonen av dei to metodane musikkterapi og psykodrama sentral? Ein ser på kva som skjer i TamTam-gruppa som bakgrunn for betring av ungdomen si fungering. Studien har eit kvalitativt, beskrivande forskingsdesign. Data er generert frå fokusgruppeintervju, individuelle intervju med gruppemedlemmene ved oppstart av gruppedeltaking, og halvårleg oppsummering i gruppesesjonen med tilbakesyn på eigen prosess og gruppeprosessen. Data er også generert frå gruppeleiarane sine loggnotat/skriftlege fortløpande evalueringar og oppsummering etter kvar gruppetime over tre og eit halvt år. Hovudfunn er fire hovudtema med tilhøyrande undertema som utdjupar ungdomane sine opplevingar og erfaringar. Det er også kome fram informasjon om endring i funksjonsnivå når det gjeld skulegang/gjenopptaking av skule, venerelasjonar og regulering av til dømes søvn, undervegs i gruppedeltaking og etter avslutta deltaking. Dei fire hovudtema er: Sosiale relasjonar, mentalisering, bearbeiding og regulering.

Litteratur

  • Courtois, C. A., & Ford, Julian D. (red.) (2009). Treating Complex Traumatic Stress Disorders: An Evidence-Based Guide. New York: Guilford Press.
  • Robarts, J. (2006). Music Therapy with Sexually Abused Children. Clinical child psychology and psychiatry, 11(2), 249-269.
  • Yalom, I. D. & Leszcz, M. (2005). The theory and practice of group psychotherapy (5. utg.). New York: Basic Books.

Foredragshaldar

  • Gunn Karoline Fugle, Cand. Philol., musikkkterapeut, kroppsdynamisk psykoterapeut og spesialist i klinisk pedagogikk ved BUP (psykisk helsevern for barn og unge), Helse Førde, sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane. E-post: gunn.karoline.fugle@helse-forde.no

Gunn Karoline Fugle held foredraget på POLYFON-konferansen 2018