Ting tar tid – erfaringar med å spele inn album i kommunalt lågterskel rusarbeid

  • Presentasjon av praksiserfaringar
  • 12.45-13.15, Egget

Recovery handlar om å leve eit meiningsfullt liv trass utfordringar som til dømes rusliding. Dette inneber at oppfølging må ha fokus på likeverd, tillit og empowerment. Brukarane må få høve til å lære og meistre å ta ansvar for eigne liv, eigen trivsel, sosiale relasjonar og god samfunnsdeltaking (Helsedirektoratet, 2014, s. 31-32). Samfunnsmusikkterapi har mange fellesverdiar med recoverytradisjonen. ”Samfunnsmusikkterapi har som mål å styrke sosialt nettverk gjennom kulturell deltaking i samfunnet” (Lydvo, 2017, s. 97), og ved mottak og oppfølgingssenter for personar med rusliding i Fjell kommune (MO-senteret) har det vore fokus på element frå samfunnsmusikkterapi sidan musikkterapi vart eit tilbod hausten 2016.  Både brukarar og tilsette hadde over ei tid prata om at det hadde vore fint å vise fram kva dei fekk til i musikkterapien til ulike aktørar i hjelpeapparatet, og dei ønskte også å dele eigenskrivne låtar med familie og vener.  Dette vart starten på eit fellesprosjekt der heile MO-senteret var engasjert for å få til ei albuminnspeling. Med utgangspunkt i sitat vist på video frå brukarar og tilsette som deltok på innspelinga, vil vi prate om innspelingsprosessen i lys av samfunnsmusikkterapi og recovery. Vi vil legge fram korleis tilsette og brukarar jobba saman frå idé til sluttprodukt, og vi vil seie noko om kvifor vi meiner at innspeling kan vere eit nyttig terapeutisk verkemiddel i lågterskel rusarbeid.

Referansar

Foredragshaldarar

Kjetil Lohne og Malena Grov Ottesen held foredraget på POLYFON-konferansen 2019