Søknader sendast til polyfon@uib.no.
Generell informasjon om ordninga
Søknader vert vurderte av prosjektleiinga. Følgjande prinsipp er styrande i vurderinga av søknader:
- Alle aktørar i POLYFON-konsortiet har høve til å søkje om støtte.
- Det kan søkjast om støtte til arrangement (t.d. utgifter til honorar, reiseutgifter, husleige, servering) og til formidlingsprosjekt, som t.d. film og brosjyre.
- Søknader skal vere grunngitt i behov i eit praksisfelt. Dette vert likevel forstått vidt, og vil t.d. kunne inkludere tema som praksisrelatert fagkritikk og/eller utvikling av føresetnader for praksisrelevant forsking.
- Prosjekt som inkluderer a) samarbeid mellom fleire deltakarar i klynga, og/eller b) samarbeid med brukarar, vil verte vurderte som særleg interessante.
- Ved vurdering av søknader, vil kvalitet vere eit hovudkriterium, samstundes som der også vil verte gjort ei heilskapleg vurdering med tanke på utviklingsbehova i kunnskapsklynga.
Krav til søknader og til rapportering
- Søkjande konsortiumsdeltakar(ar)
- Personalia til kontaktperson (namn, tlf. og e-postadresse)
- Arrangementstittel / tittel på formidlingsprosjekt
- Målgruppe
- Kort beskriving (maks 150 ord) av korleis arrangementet/filmen/brosjyren dekkjer behov i eit praksisfelt, og evt. korleis det kan fremme samarbeid
- Budsjett
Innan ein månad etter arrangementet/produksjonen må søkjar/kontaktpersonen sende inn ein kort oversikt over kva midlane vart brukt til.
Økonomi, forankring og formidling
Det vert kvart år sett av kr. 100.000 til arrangement- og formidlingsstøtte. Aktuelle søknadssummar er avgrensa nedover til kr. 2.000,- og oppover til kr. 30.000,-.
Merk: Søknader skal vere godkjende og underteikna av leiinga hjå aktuell deltakar i konsortiet, og som hovudregel vert det forventa at deltakaren i konsortiet stiller med ein eigeninnsats som minst svarar til den summen det vert søkt om.
For arrangement gjeld følgjande føresetnader:
- Søkjar sender arrangementsinformasjon til POLYFON snarast mogleg etter tildeling, slik at arrangementet kan synleggjerast i GAMUTs kalender og på POLYFONs facebook-side.
- POLYFON-støtta vert synleggjort, gjerne ved bruk av POLYFON-logo.
For film, brosjyrar o.l. gjeld følgjande føresetnader:
- POLYFON kan bruka filmen/brosjyren i sitt arbeid.
- POLYFON-støtta vert synleggjort ved bruk av POLYFON-logo.
- Film: at det blir lagt inn ein «plakat» på slutten av filmen om at produksjonen er støtta av POLYFON kunnskapsklynge for musikkterapi, inkl. POLYFONs logo.
- Brosjyre: POLYFONs logo er med i brosjyren.