Haust 2018: Utlysing av POLYFON-midlar for forskingsprosjekt

POLYFON kunnskapsklynge for musikkterapi lyser ut opp til kr. 400.000,- i prosjektmidlar til fagpersonar knytt til POLYFON-samarbeidet.

Søknadsfrist: Torsdag 1. november kl. 13.00. Det vert lagt opp til rask sakshandsaming.

Ønskjer du meir fagleg informasjon, ta kontakt med prosjektleiar Brynjulf Stige, brynjulf.stige@uib.no (tlf. 971 69 746).

Søknader sendast til klyngeadministrator Liv Gunnhild Qvale: liv.qvale@uib.no. Ho kan også kontaktast for spørsmål kring formelle/administrative sider av søknaden (tlf. 55 58 60 31 / 404 72 281).

Generell informasjon om ordninga

Søknader vert vurderte av ein vitskapleg komité. Følgjande prinsipp er styrande i vurderinga av søknader:

  • Fagpersonar hjå deltakarane i POLYFON-konsortiet har høve til å søkje om prosjektmidlar.
  • Dei utlyste midlane skal ha ein såkornfunksjon, slik at prosjektsøknader bør peike fram mot vidare utvikling og ekstern finansiering.
  • Det kan søkjast om støtte til drift og/eller til frikjøp/løn for person eller gruppe i konsortiet, til engasjement av ekstern ekspertise og/eller til engasjement av musikkterapistudent(ar) i forskar¬assistent¬oppdrag.
  • Prosjektsøknader skal vere grunngitt i behov i eit praksisfelt, anten det er snakk om å fylle kunnskapshol eller å bidra med kritiske perspektiv.
  • Prosjekt som inkluderer a) samarbeid mellom fleire deltakarar i klynga, b) samarbeid med brukarar, og/eller c) samarbeid med master- eller ph.d.-prosjekt vil verte vurderte som særleg interessante.
  • Så sant det er relevant, bør prosjektskissene leggje vekt på tverrfagleg samarbeid og/eller internasjonalt samarbeid.
  • Ved vurdering av søknader, vil prosjektkvalitet vere eit hovudkriterium, samstundes som der også vil verte gjort ei heilskapleg vurdering av alle søknader med tanke på utviklingsbehova i kunnskapsklynga.

Krav til søknader og til rapportering

Søknader skal vere korte og konsise og skal innehalde:

  1. Personalia (namn, adresse, tlf. og e-postadresse)
  2. Prosjekttittel
  3. Hovudmål og delmål for prosjektet (maks 100 ord)
  4. Prosjektsamandrag (maks 300 ord, inklusivt 3-5 litteraturreferansar)
  5. Kort beskriving (maks 300 ord) av korleis prosjektet er grunngitt i behov i eit praksisfelt, korleis det kan fremme samarbeid og/eller korleis det kan peike fram mot framtidig eksternfinansierte prosjekt (sjå «Generell informasjon om ordninga»).
  6. Planar om formidling (maks 100 ord)
  7. Kort oversyn/plan over prosjektperioden
  8. Budsjett.

Økonomi, forankring og formidling

Aktuelle søknadssummar er avgrensa nedover til kr. 20 000, – og oppover til kr. 100 000,-.

Merk: Søknader skal vere godkjende av leiinga hjå aktuell deltakar i konsortiet, og som hovudregel vert det forventa at deltakaren i konsortiet stiller med ein eigeninnsats som minst svarar til den prosjektsummen det vert søkt om.

Dersom det kjem fleire søknader frå same konsortiumsdeltakar, er det ikkje nødvendig at deltakaren prioriterer mellom desse, då det er den vitskaplege komiteens vurdering av kvalitet som vil avgjere tildeling.

Ein kort prosjektrapport, inkl. enkel rekneskapsrapport, vert sendt inn til POLYFON seinast ein månad etter avslutta prosjekt. POLYFON kan også be om statusrapportar undervegs dersom prosjektet går over fleire år.

Vi inviterer prosjektleiarane til å dele funn og erfaringar på framtidige POLYFON-konferansar. Følg med på utlysing/call for papers!