Retningslinjer for søknader om POLYFON sommarstipend for musikkterapistudentar

Denne reviderte versjonen av retningslinjene gjeld frå 1. januar 2022.

Kunnskapsklynga POLYFON lyser ut fleire sommarstipend for musikkterapistudentar kvart år. Ved utlysing kan opp til 2 stipend verte øyremerkte spesifikke prosjekt som er prioriterte av klyngeleiinga.

Stipenda er på kr. 40.000 (trekkfritt inntil grensa for frikort) og svarar til 6 vekers fulltidsarbeid. Det er også mogeleg å søkje om halvt stipend på kr. 20.000. Det er ikkje mogleg for avgangsstudentar å søkje.

Søknadsfrist: 1. februar kl. 13.00. Det vert lagt opp til rask sakshandsaming.

Søknader og førespurnader om faglege råd sendast til polyfon@uib.no

Generell informasjon om ordninga

Søknader vert evaluerte av ein ekstern vitskapleg komité. Kunnskapsklyngas administrative koordinator tar seg av formelle og administrative sider av vurderings- og tildelingsprosessen. Klyngeleiar kan gje faglege råd i arbeid med søknadar og prosjekt, og kan formidle forslag om potensielle samarbeidspartar, der det er ønskje om det.

Følgjande prinsipp er styrande i vurderinga av søknader:

  • Musikkterapistudentar ved Griegakademiet (UiB) eller Norges musikkhøgskole kan søkje sommarstipend for arbeid med eit avgrensa prosjekt eller delprosjekt. Stipendet skal styrkje grunnlaget for vidare forsking og det er ein føresetnad at forskingsoppgåva ikkje erstattar arbeid med obligatoriske oppgåver ved musikkterapistudiet.
  • Prosjekt som kan leie fram til publisering og/eller utarbeiding av prosjektskisser for nye realiserbare ph.d.-prosjekt vil verte vurderte som særleg interessante, men det er opning for ulike typar prosjekt, avhengig av aktuelle faglege behov og kandidatens interesser og kvalifikasjonar.
  • For å få støtte, må studenten ha etablert rettleiingssamarbeid med ein forskar/prosjektleiar ved GAMUT eller CREMAH.
  • Prosjektsøknader skal vere grunngitt i behov i eit praksisfelt, anten det er snakk om å fylle kunnskapshol eller å bidra med kritiske perspektiv.
  • Ved vurdering av søknader, vil prosjektkvalitet vere eit hovudkriterium, samstundes som der også vil verte gjort ei heilskapleg vurdering av alle søknader med tanke på utviklingsbehova i kunnskapsklynga.

Krav til søknader og til rapportering

Søknader skal vere korte og konsise og skal innehalde:

  • Ei prosjektskisse på ca. 1200 ord, med tydeleg presentasjon av bakgrunn for prosjektet, problemstilling(ar), teori, metode, og etiske aspekt. Der det er relevant, kan IMRAD-formatet brukast til å strukturere prosjektskissa.
  • I eit vedlegg til prosjektskissa, skal søkjaren skissere:
    • Personalia (namn, adresse, tlf. og e-postadresse) på student og rettleiar
    • Intendert såkornfunksjon (t.d. korleis prosjektet kan fremme fag- eller praksisutvikling eller korleis det kan peike fram mot publisering eller eit framtidig ph.d.-prosjekt)
    • Tidsplan for gjennomføring
    • Planar for formidling (maks 50 ord)

Søknadar skal vere underteikna av både student og rettleiar. Ein kort prosjektrapport vert sendt inn til POLYFON seinast ein månad etter avslutta stipendperiode.
Vi inviterer alle studentar med sommarstipend til å dele funn og erfaringar på framtidige POLYFON-konferansar. Følg med på utlysing/call for papers!