Musikkterapi og eldrehelse

Feltet musikkterapi og eldrehelse er i rivande utvikling, og norsk musikkterapi er heilt i forskingsfronten internasjonalt. GAMUT ønskjer å gjere kunnskapen på feltet tilgjengeleg for flest mogleg, og vonar at denne kunnskapsbeskrivinga kan vere til hjelp.

Innleiing

Eldre menneske sine helsebehov kan vere svært samansette, med komplekse sjukdomsbilete. Mange eldre har ulike typar nevrodegenerative sjukdommar som førar til kognitiv svikt og andre utfordringar. Eldre kan også ha utfordringar med psykisk helse, og streve til dømes med rusproblem, angst og depresjon. Meir allment har mange eit stort behov for kontakt, stimulering og sosialt samvær.

Dei siste åra har ein både i Noreg og i utlandet vorte meir merksame på at musikkterapi kan vere ei nyttig tilnærming i møte med mange av desse helseutfordringane. Det er stor interesse for korleis ein kan bruke musikk og musikkterapi i møte med eldre menneske, både frå politikarar, helsebyråkratar, tilsette i helsetenestene, brukarar, og pårørande.

Vi vil i denne kunnskapsbeskrivinga først gjere greie for den todelinga av musikkterapeutane si yrkesrolle som kan lesast ut av Nasjonal fagleg retningslinje om demens, og som høver godt til norske praksistradisjonar. Så vil vi tydeleggjere kva musikkterapi kan innebere i praksis, med vekt på personsentrerte og samfunnsorienterte tilnærmingar, før vi gjev ei beskriving av aktuelle effektstudiar. Til slutt set vi dette i kontekst ved å beskrive norsk musikkterapiutdanning og aktuell forsking ved GAMUT.

Merk at det dei seinare åra har vorte vanleg å nytte samleomgrepet musikkterapi og eldrehelse i staden for musikkterapi og eldreomsorg, då dette betre famnar heile spekteret av helserelatert musikkbruk under leiing av musikkterapeut.

Ein todelt yrkesrolle for musikkterapeutar

Universitetet i Bergen og Noregs musikkhøgskule utdannar kvalifiserte musikkterapeutar med kompetanse på å arbeide med eldre menneske. Utdanningskravet i Noreg, som i dei fleste andre europeiske land, er ein mastergrad i musikkterapi.

Nasjonal fagleg retningslinje om demens (IS-2658) beskriv musikkterapeutens yrkesrolle slik: «En musikkterapeut kan være et alternativ for å gi veiledning/opplæring til helsepersonell for bruk av musikk som miljøbehandlingstiltak, kartlegge individuelle musikkpreferanser sammen med pasient og/eller pårørende og til å arbeide med pasienter med spesielle behov» (pkt. 9.2 i retningslinje om demens).

Denne beskrivinga av musikkterapeutar si yrkesrolle reflekterer ein nasjonal situasjon der det førebels er relativt få musikkterapeutar i eldrehelsefeltet, samstundes som det dei siste åra har vore meir fokus på å ta i bruk musikk for å gje eit heilskapleg helsetilbod til eldre menneske. Helsedirektoratet har i regi av Kompetanseløft 2020 <*lenke> øyremerkt midlar til opplæring av helsepersonell i det å bruke musikk som miljøbehandling i eldreomsorga. Skal dette verte eit varig og berekraftig løft, er det nødvendig at musikkterapeutar tar og får ansvar for å følgje opp med støtte og rettleiing til andre profesjonar, og også til pårørande og frivillige.

Musikkterapeutar får då ei todelt yrkesrolle, der ein både arbeider med individ og grupper og med dei kontekstane og systema som omgjev klienten. Dette er ikkje noko nytt i musikkterapien, der ein gjerne skil mellom direkte og indirekte arbeidsmetodar. Direkte arbeid inneber musikkterapi der musikkterapeuten sjølv deltek i musikkterapeutisk samhandling med ein eller fleire klientar. Indirekte arbeid inneber tiltak som er retta mot dei menneska som er rundt klienten, og kan i eldrehelsesamanheng til dømes omfatte tiltak der musikkterapeuten lærer opp helsepersonell i korleis dei kan nytte song som kommunikasjon og emosjonell regulering i ein stellsituasjon.

Personsentrert og samfunnsorientert praksis

I eldreomsorga er det vanleg at musikkterapeutar arbeider ut ifrå ei personsentrert tilnærming (Kitwood, 1997), som også inkluderer ei ressurs- og samfunnsorientert tilnærming (Stige & Ridder, 2016). Dette inneber å møte den enkelte klient på ein heilskapleg måte, slik at psykososiale behov blir møtt. Slik prøver ein å sjå personen bak sjukdomen og fokusere på klientens ressursar. Brukarinvolvering og fokus på ein mest mogeleg likeverdig relasjon er også sentralt i den terapeutiske prosessen. Det inngår også i ei personsentrert tilnærming å sjå klienten i ein større kontekst, og freiste å byggje eit godt psykososialt miljø som motverkar tingleggjering og tap av personstatus.

I musikkterapi arbeider ein gjennom musikalsk samhandling. Dette kan innebere det å synge kjende songar, lytte til musikk, spele saman på ulike instrument, improvisere, komponere musikk saman, eller å danse. I terapiforløpet er musikkterapeutens sensitivitet rundt bruken av musikk essensiell, då den enkelte klient kan reagere ulikt på musikken. Musikk kan vekke både gode og vonde kjensler og minner, og dette har musikkterapeuten kompetanse til å ta omsyn til og arbeide ut ifrå. Dette inneber at musikkterapeuten arbeider med affektregulering og kjenslekommunikasjon gjennom musikken i møte med den enkelte klient.

Musikkterapeutar som arbeidar på institusjonar vil legge vekt på å delta på behandlingsmøte og andre samarbeidsforum, for å sikre koordinering med andre helsetiltak og den daglege pleie. Musikkterapeuten har også ofte kontakt med miljøet utanfor institusjonen, eksempelvis pårørande, frivillige aktørar og lokale kulturtiltak.

Litteratur om musikkterapeutiske arbeidsmetodar

Direkte arbeid med individ og grupper

  • Knardal, S. E. & Hynninen, M. (2016). Musikkterapi i alderspsykiatrien: utredning og behandling. I: B. Stige & H. M. Ridder (Red.). Musikkterapi og eldrehelse (s. 120-132). Oslo: Universitetsforlaget.
  • Schmid, W. & Skrudland, H. (2016). Musikkterapi i palliativ omsorg. I: Stige, B. & Ridder, H.M. (red). Musikkterapi og eldrehelse. Oslo: Universitetsforlaget, s. 177-186.
  • Stige, B. & Ridder, H. M. O. (Red.). (2016). Musikkterapi og eldrehelse. Oslo: Universitetsforlaget.
  • Stige, B. (red.) (2014). Ressurshefte basert i prosjektet «Musikk og eldre 2008-2014». Bergen: GAMUT – Griegakademiets senter for musikkterapiforsking (Universitetet i Bergen og Uni Research Helse).

Indirekte arbeid med system og miljø

  • Bøysen, B. & Salhus, Ø. (2014). Opplæring av helsepersonell og andre samarbeidspartnere. I: B. Stige (red.), Ressurshefte for musikkterapeuter i eldreomsorgen. Nettverket musikk og eldre: Samarbeid for forsking og kunnskapsutvikling om musikk, musikkterapi og eldre (2008-2014). Bergen: GAMUT – Griegakademiets senter for musikkterapiforsking, Uni Research Helse.
  • McDermott, O., Ridder, H.M., Baker, F., Wosch, T., Ray, K. & Stige, B. (2018). Indirect music therapy practice and skill-sharing in dementia care. Journal of Music Therapy. 55(3), s. 255–279 https://doi.org/10.1093/jmt/thy012
  • Ottesen, A. M. (2014). Anvendelse af musikterapi og Dementia Care Mapping i en læringsmodell til udvikling af musiske og interpersonelle kompetencer hos omsorgsgivere til personer med demens: et casestudie med en etnografisk tilgang (Doktorgradsavhandling). Det Humanistiske Fakultet, Aalborg Universitet, Denmark. Hentet fra http://vbn.aau.dk/files/204113759/Aase_Marie_Ottesen_august_2014.pdf
  • Sandve, O. & Enge, K. E. (2014). Musikkterapeutens rolle vs. andre faggruppers rolle. I: B. Stige (red.), Ressurshefte for musikkterapeuter i eldreomsorgen. Nettverket Musikk og eldre: Samarbeid for forsking og kunnskapsutvikling om musikk, musikkterapi og eldre (2008-2014). Bergen: GAMUT – Griegakademiets senter for musikkterapiforsking, Uni Research Helse.
  • Stige, B. & Ridder, H. M. O. (red.). (2016). Musikkterapi og eldrehelse. Oslo: Universitetsforlaget.

Heimebasert arbeid

  • Baker, F. A., Grocke, D. & Pachana, N. A. (2012). Connecting through music: A study of sposual caregiver-directed music intervention designed to prolong fulfilling relationships in couples where one person has dementia. Australian Journal of Music Therapy, 23, 4-21.
  • Schmid, W. & Ek Knutsen, M.S. (2016). Musikk som helseressurs i hverdagen for hjemmeboende pasienter. I: Stige, B. & Ridder, H.M. (red). Musikkterapi og eldrehelse. Oslo: Universitetsforlaget, s. 79-87.
  • Schmid, W. & Ostermann, T. (2010). Home-based music therapy – a systematic overview of settings and conditions for an innovative service in healthcare. BMC Health Services Research, 10(291).

Case-beskrivingar

  • Knardal, S. E. (2017). «Eg har så vondt i dag, eg orkar ingenting!». I: T. Næss & E. Ruud (Red.). Musikkterapi i praksis (s. 63-66). Oslo: NMH, Senter for forskning i musikk og helse (CREMAH).
  • Stige, B. (2010). Del 9 i: B. Stige, G. Ansdell, C. Elefant & M. Pavlicevic (Red.). Where music helps: Community music therapy in action and reflection (s. 245-274). England: Ashgate Publishing Limited.

Teoretiske perspektiv

  • Kitwood, T. (1997). Dementia reconsidered: The person comes first. Buckingham: Open University Press.
  • Pavlicevic, M., Tsiris, G., Wood, S., Powell, H., Graham, J., Sanderson, R., . . . Gibson, J. (2015). The «ripple effect»: Towards researching improvisational music therapy in dementia care homes. Dementia, 14(5), 659-679. doi: https://doi.org/10.1177/1471301213514419
  • Ridder, H. M. (2016). Musik i et personcentreret perspektiv. I: B. Stige & H. M. O. Ridder (red.). Musikkterapi og eldrehelse (s. 38-44). Oslo: Universitetsforlaget.
  • Rolvsjord, R. (2010). Resource-oriented music therapy in mental health care. NH: Barcelona: Gilsum, NH.
  • Stige, B. & Ridder, H. M. (2016). Fagutvikling i praksis. I: B. Stige & H. M. O. Ridder (Red.). Musikkterapi og eldrehelse (s. 234-238). Oslo: Universitetsforlaget.

Positive effektar av musikkterapi

Forsking på musikkterapi i eldreomsorga, særleg retta mot demensomsorga, viser at musikkterapi har positive helseeffektar. Dette omfattar mellom anna det å auke deltaking i kvardagen, redusere depresjon og angst og bidra til å skape gode augneblikk som gir energi, nyting og tillit. Det kan også ha ei avslappande effekt, skape sosiale relasjonar, og ha verknad på ei rekke andre faktorar knytt til livskvalitet:

Musikkterapi reduserer:

  • Agitasjon
  • Inntak medikament
  • Depresjon
  • Angst
  • Åtferdsforstyrringar

Musikkterapi betrar:

  • Livskvalitet
  • Sosiale relasjonar
  • Humør, sinnsstemning
  • Minne
  • Merksemd

Effektane i denne samanheng er i hovudsak korttidseffektar, då det førebels ikkje er etablert mange gode studiar som måler langtidsverknad.

Det er mangel på studiar som undersøkjer musikkterapi for heimebuande eldre (men sjå ALMUTH-studien nedanfor).

Utvalde systematiske oversikter publiserte etter 2013

Dei siste åra har det vore ein rask auke i internasjonale effektstudiar og systematiske oversikter. Her følgjer ei liste over nokre oversikter publiserte etter 2013:

  • Archie, P., Bruera, E. & Cohen, L. (2013). Music-based interventions in palliative cancer care: a review of quantitative studies and neurobiological literature. Support Care Cancer, 21(9), s. 2609–24.
  • Bradt., J., Dileo, C., Magill, L. & Teague, A. (2016). Music interventions for improving psychological and physical outcomes in cancer patients. Cochrane Database of Systematic Reviews 2016, Issue 8. Art. No.: CD006911. doi: 10.1002/14651858.CD006911.pub3
  • Elliott, M. & Gardner, P. (2018). The role of music in the lives of older adults with dementia ageing in place: A scoping review. Dementia, 17, s. 199–213.
  • Fakhoury, N., Wilhelm, N., Sobota, K.F. & Kroustos, K.R. (2017). Impact of music therapy on dementia behaviors: A literature review. Consult. Pharm., 32, s. 623–628.
  • Fusar-Poli, L., Bieleninik, L., Brondino, N., Chen, X.J. & Gold, C. (2017). The effect of music therapy on cognitive functions in patients with dementia: A systematic review and meta-analysis. Aging Ment. Health, s. 1–10.
  • Ing-Randolph, A.R., Phillips, L.R. & Williams, A.B. (2015). Group music interventions for dementia-associated anxiety: A systematic review. Int. J. Nurs. Stud., 52, s. 1775–1784.
  • Livingston, G., Kelly, L., Lewis-Holmes, E., Baio, G., Morris, S., Patel, N., . . . Cooper, C. (2014). A systematic review of the clinical effectiveness and cost-effectiveness of sensory, psychological and behavioural interventions for managing agitation in older adults with dementia. Health Technology Assessment, 18(39), 1-226. doi: 10.3310/hta18390
  • McDermott, O., Crellin, N., Ridder, H. M. O. & Orrell, M. (2013). Music therapy in dementia: a narrative synthesissystematic review. International Journal of Geriatric Psychiatry, 28(8), 781-794. doi: 10.1002/gps.3895
  • Pedersen, S.K.A., Andersen, P.N., Lugo, R.G., Andreassen, M. & Sütterlin, S. (2017). Effects of music on agitation in dementia: A Meta-Analysis. Front. Psychol., 8, s. 742.
  • Tsoi, K.K.F., Chan, J.Y.C., Ng, Y.M., Lee, M.M.Y., Kwok, T.C.Y. & Wong, S.Y.S. (2018). Receptive music therapy is more effective than interactive music therapy to relieve behavioral and psychological symptoms of dementia: A systematic review and meta-analysis. J. Am. Med. Dir. Assoc. 19(7), s. 568-576.e3.
  • Van der Steen, J.T., Smaling, H.J.A., van der Wouden, J.C., Bruinsma, M.S., Scholten, R. & Vink, A.C. (2018). Music-based therapeutic interventions for people with dementia. Cochrane Database Syst. Rev. 2018.10.08.
  • Zhang, Y., Cai, J., An, L., Hui, F., Ren, T., Ma, H. & Zhao, Q. (2017). Does music therapy enhance behavioral and cognitive function in elderly dementia patients? A systematic review and meta-analysis. Ageing Res. Rev., 35, s. 1–11.

Merk: Ulike metaanalysar gjev noko ulike resultat, m.a. når det gjeld om musikkterapi har positiv effekt på agitasjon eller ikkje. Dette reflekterer m.a. at resultat kan verte usikre av di ikkje alle studiar er tydelege i sine definisjonar av intervensjonen (musikkterapi eller andre musikkbaserte intervensjonar). To tekstar som drøftar denne utfordringa for forskingsfeltet er:

  • Gold, C., Koelsch, S. & Stige, B. (in press). Musikkterapi. I: Husebø, B. & Flo, E. (red.). Lærebok i alders- og sykehjemsmedisin. Fagbokforlaget.
  • Vink, A. & Hanser, S. (2018). Music-based therapeutic interventions for people with dementia: A mini-review. Medicines, 5, 109, doi:10.3390/medicines5040109. https://www.mdpi.com/2305-6320/5/4/109/htm

Utvalde effektstudiar frå nordisk kontekst

Dei fleste effektsstudiar er gjennomførte utanfor Norden, men der er nokre studiar som byggjer på praksis i skandinavisk samanheng:

  • Elefant, C., Baker, F.A., Lotan, M., Lagesen, S.K. & Skeie, G.O. (2012). The effect of group music therapy on speech, and singing in individuals with Parkinson´s disease – a feasibility study. Journal of Music Therapy, 49(3), s. 278-302.
  • Kvamme, T. S. (2013). Glimt av glede: Musikkterapi med demensrammede som har symptomer på depresjon og angst (Doktorgradsavhandling, Norges musikkhøgskole, Oslo). Hentet fra https://brage.bibsys.no/xmlui/bitstream/id/156778/Kvamme_Avhandling.pdf
  • Ridder, H. M. O., Stige, B., Qvale, L. G. & Gold, C. (2013). Individual music therapy for agitation in dementia: an exploratory randomized controlled trial. Aging & Mental Health, 17(6), 667-678. doi: 10.1080/13607863.2013.790926

Eldreomsorg og eldrehelse i dei norske musikkterapiutdanningane

Musikkterapi er ei profesjonsutdanning på masternivå. Musikkterapeutar får gjennom utdanninga øving i å bruke musikk som eit kommunikasjons- og relasjonsverktøy, basert på ein musikalsk, relasjonell, terapeutisk og akademisk kompetanse.

Den femårige musikkterapiutdanning inkluderer musikkemne, teoretiske emne frå psykologi og medisin, musikkterapeutiske praksisemne og teori, samt forskingsmetode, profesjonskunnskap og etikk. I dette inngår teori og praksis knytt til musikkterapi, eldreomsorg og eldrehelse.

Gjennom studiet utviklar musikkterapistudentane breiddekompetanse og fleksibilitet i å bruke musikk i ulike helsekontekstar.

Ein kvalifisert musikkterapeut møter den enkelte klient ut ifrå klientens musikalske føresetnader. Dette inneber medvit om og fleksibilitet rundt klientens musikalske identitet og god kjennskap til ulike musikalske sjangrar.

Musikkterapeuten tilpassar seg til klientens musikalske kompetanse, og er medviten om og har kompetanse til å regulere intensitetsnivået i den musikalske samhandlinga, slik at det ikkje blir emosjonelt overveldande.

Musikkterapiutdanningane i Noreg

Etter- og vidareutdanningskurs

Aktuell forsking ved GAMUT

Kunstbasert forsking og kvalitative studiar

  • Dementia Reimagined: Arts-based Research Developing a Film Resource for Use in Training Professionals Who Work in Dementia Care. Resource Development and Follow Up Study. Jill Halstead, GAMUT i samarbeid med m.a. britiske forskarar. Sjå eit utdrag av filmen her.
  • Jill arbeider med å utvikle nye kunst-baserte prosjekt om musikk og demens.

Effektstudiar

  • ALMUTH (Alzheimer’s and Music Therapy): Effects of music lessons on brain plasticity, mood, and quality of life in Alzheimer patients. PI: Stefan Koelsch, Det psykologiske fakultet, UiB. Periode: 2017-2020. Finansiering: NFR. GAMUT, ved Christian Gold og Brynjulf Stige, er partnar i prosjektet.
  • MIDDEL (Music Interventions for Dementia and Depression in ELderly care): International multicentre clusterrandomised controlled trial Period. PI: Christian Gold, GAMUT. Periode: 2017-2021. Finansiering vert søkt (ein australsk delstudie er alt finansiert av The National Health and Medical Research Council i Australia).

Forskarar ved GAMUT innan eldreomsorg og eldrehelse

Dersom du ønskjer meir informasjon eller føredrag, eller ønskjer å drøfte mogelegheiter for forskingssamarbeid, ta gjerne kontakt med forskarane våre:

  • Monika Geretsegger, NORCE
  • Christian Gold, NORCE/UiB
  • Jill Halstead, UiB
  • Brynjulf Stige, UiB/NORCE
  • Wolfgang Schmid, UiB

Supplerande informasjon

Kunnskapsklynga POLYFON arbeider for at musikkterapi skal verte tilgjengeleg for dei som ønskjer og treng det.

Universitetet i Bergen, ved Griegakademiet, koordinerer kunnskapsklynga, som bind praksis og akademia saman og omfattar ulike kommunar, helseføretak, forskings- og kompetansemiljø. POLYFON har etablert ei eiga arbeidsgruppe for musikkterapi og eldrehelse.

For informasjon om POLYFON, om bulletengen «POLYFON-nytt», årsmeldingar m.m., sjå her.

For daglege informasjonsdrypp på Facebook, sjå her.

For ein smakebit av informasjonsvideoen Lyden av liv, sjå her.

For meir informasjon, eller (gratis) bestilling av Lyden av liv, kontakt Liv Gunnhild Qvale.

___

Teksten er skriven av Camilla Hay i samarbeid med Monika Geretsegger, Frode Aass Kristiansen, Wolfgang Schmid og Brynjulf Stige.
Sist oppdatert: 1. november 2018.