Laster Hendelser

« All Hendelser

Forsking og praksis – hand i hand? Seminar med POLYFONs fagråd

31. mars kl. 09:0013:00

Tysdag 31. mars arrangerer POLYON nytt arbeidsseminar med klyngas fagråd (Scientfic Advisory Committee), denne gongen med fokus på samspelet mellom forsking og praksis, i praksis. Vi inviterer aktørane i klynga til å sende inn forslag til prosjektpresentasjonar. Kunnskapsklynga skal byggje relasjonar mellom forsking og praksis. Men korleis fungerer det i praksis? Kva er utfordringar og hindringar i arbeidet med dette? Vi legg opp til korte presentasjonar og gode diskusjonar. Send tittel og eit kort samandrag til liv.qvale@uib.no innan 15. februar.

To som allereie har svart ja til å presentere erfaringar og idear, er Nina Bolstad og Kaja Elise Enge i Etat for barn og familie i Bergen kommune. Du kjem vel du og?

Tid: 31. mars kl. 9-13, inkludert lunsj.

Seminaret er ope og gratis, påmelding innan 24. mars.

Detaljer

Dato:
31. mars
Tid
09:00–13:00

Arrangør

POLYFON kunnskapsklynge for musikkterapi
Hjemmeside:
https://gamut.w.uib.no/polyfon/

Sted

Vil bli annonsert seinare.
Bergen, + Google Map