Ti ting om ti-talet

Brynjulf Stige. Først publisert 11. desember 2019.

2010-talet er snart over. Før vi går inn i det som vi trur vert eit nytt tiår med god utvikling av norsk musikkterapi, kan vi ta ein kjapp titt tilbake på utviklinga dei siste ti åra (sett frå Bergen). Vi legg då vekt på hendingar som har bidrege til det samspelet som POLYFON skal støtte opp om: mellom betre utdanning, ny forsking, sentrale føringar, prioriteringar i tenestene og engasjement frå brukarane.

2010: UiB gjer om det toårige masterprogrammet i musikkterapi til eit femårig integrert masterprogram. Vi har for første gong ei heilskapleg grunnutdanning for profesjonen.

Ei god musikkterapi­utdaninng er ein av grunnsteinane i POLYFONs arbeid. Den offisielle opninga av femårig integrert masterprogram i musikkterapi ved UiB var i august 2010, i Grieghallens foajé. Foto: Rune Rolvsjord, NORCE.

 

 

 

 

2011: NFR evaluerer norsk helseforsking, og GAMUT vert vurdert til å liggje i den internasjonale forskingsfronten. Eit grunnlag er lagt for å produsere forsking som kan gjere ein skilnad.

2012: Dei to første ph.d.-kandidatane ved GAMUT disputerer, nemleg Viggo Krüger og Audun Myskja. Krüger er i dag forskingsleiar ved GAMUT, medan Myskja m.a. gjer ein stor innsats for å kurse helsepersonell i bruk av musikk som ein integrert del av den daglege miljøbehandlinga.

Viggo Krüger disputerer for sin doktorgrad ved Universitetet i Bergen. Foto: Rune Rolvsjord, NORCE.

 

 

 

 

 

 

 

 

2013: Helsedirektoratet gjev ei tydeleg tilråding av musikkterapi i nasjonal, fagleg retningslinje for behandling av personar med psykoselidingar. Dette er første gong musikkterapi er tilrådd nasjonalt på denne måten, og er difor starten på eit arbeid for nasjonal implementering av musikkterapi.

2014: Samarbeidet mellom UiB og Uni Research (i dag NORCE) vert formalisert, slik at GAMUT får status som tvillingsenter. Dermed er eit grunnlag lagt for systematisk forskingssamarbeid over tid, der helseforskingstradisjonen i NORCE og kunst- og humanioratradisjonen ved Griegakademiet kan styrke og utfordre kvarandre.

2015: POLYFON kunnskapsklynge for musikkterapi vert etablert, med finansiering frå deltakarorganisasjonane, GC Rieber Fondene og NFR. Eit samarbeid tar form, der ei semje veks fram om at målet er å gjere musikkterapi tilgjengeleg for dei som ønskjer og treng det.

Frå seminaret som markerte oppstarten av POLYFON kunnskapsklynge for musikkterapi. Foto: Rune Rolvsjord, NORCE.

 

 

 

 

 

2016: Helsedirektoratet gjev ei tilråding av musikkterapi i nasjonal, fagleg retningslinje for behandling av personar med rusproblem og avhengigheit. Tilrådinga er formelt noko svakare enn det ho er i psykoseretningslinja, men ei tilråding om at pasientar som ønskjer det bør få musikkterapi er ikkje så svak likevel, dersom recovery og brukarmedverknad er prosessar som vert tatt på alvor.

2017: Divisjon psykisk helsevern ved Haukeland universitetssjukehus gjer vedtak om å implementere musikkterapi på alle sine klinikkar. Vedtaket er førebels unikt nasjonalt, og har inspirert både helseføretak og kommunar til å etablere musikkterapistillingar i tenestene.

2018: POLYFONs brukarpanel (i dag erfaringspanel) vert etablert. Kva stemmer er viktigare å lytte til, dersom vi skal reflektere over korleis utvikle tenestene våre dei komande åra?

POLYFONs erfaringspanel. Foto: Liv Gunnhild Qvale, UiB/NORCE.

 

 

 

 

 

2019: Det nye samvalsverktøyet for psykose vert publisert, med brukarvenleg informasjon om aktuelle behandlingsalternativ. Verktøyet er viktig for POLYFONs vidare arbeid: Det synleggjer retten til å velje musikkterapi, men ikkje minst – det synleggjer retten til å VELJE.

 

Merk: Når ein byggjer eit nytt fag og ein ny profesjon, er vegen krunglete og smal, så vi har ikkje fått med alle gongane det gjekk i grøfta. Det får vi ta ein annan gong. Det vil heller ikkje har fått med, og som vi aldri må gløyme, er det som skjer kvar dag: at brukarar og musikkterapeutar saman finn ein rytme, eller ein tone, og at noko byrjar å vekse.