Statistikk frå Norsk pasientregister indikerer at POLYFON verkar

Brynjulf Stige. Først publisert 9. desember 2019.

Styringsgruppa for POLYFON har vedteke at kunnskapsklynga frå og med årsmeldinga for 2019 skal bruke indikatorar som reiskap for refleksjon over samfunnseffekten av samarbeidet.

Indikatorane er knytte til målsetjingane for klynga.
For Delmål 1 (MT er integrert i tenestene på ein systematisk, kunnskapsbasert og brukarorientert måte) vil indikatorane både omfatte tal som kvar deltakarorganisasjon rapporterer inn og tilsendt statistikk frå Nasjonalt pasient­register (NPR).
Dette siste gjev oversikt over bruken av prosedyrekoden for musikkterapi i spesialisthelsetenesta. For å ha eit samanlikningsgrunnlag, har prosjektleiinga for POLYFON henta inn tal for denne indikatoren for åra 2016-2018.

Tala kan tyde på at det systematiske samarbeidet i vest bidreg til at fleire brukarar får tilgang til musikkterapi. Nasjonalt er det klare endringar, i positiv retning. Statistikken viser også at veksten er langt kraftigare i Helse Vest enn i nokon annan helseregion.

Medan det i 2016 var 261 pasientar i Helse Sør-Øst som fekk musikkterapi, mot 214 i Helse Vest, har desse tala i 2018 endra seg til 310 i Helse Sør-Øst og 456 i Helse Vest. Her må vi ta med at folkegrunnlaget er ulikt i dei to regionane, høvesvis ca. 3 millionar og ca. 1 million menneske. Relativt sett er altså musikkterapi brukt i klart størst omfang i Helse Vest. I Helse Midt og Helse Nord er koden førebels brukt lite.

Landet samla Helse Midt-Noreg Helse Nord Helse Sør-Aust Helse Vest
2016 498 20 3 261 214
2017 537 21 3 230 283
2018 789 12 11 310 456

Tabellen viser utdrag av statistikk utarbeidd av NPR, over bruk av prosedyrekoden for musikkterapi i spesialisthelsetenesta i perioden 2016-2018.

Eit vesentleg poeng med indikatorar er at dei må tolkast. Det kan vere feilkjelder knytt til innsamling av data. Likevel: Det er få grunnar til at det skulle vere systematiske skilnader i feilkjelder mellom regionane, så tala gjev truleg eit grovt bilete av bruken av musikkterapi i spesialisthelsetenesta i dei ulike regionane.

Endringar skuldast vanlegvis fleire faktorar, og det er sjølvsagt ikkje slik at aktiviteten i POLYFON er einaste faktor som verkar inn på bruken av denne prosedyre­koden. Samstundes: Dei helseføretaka som arbeider mest systematisk med å utvikle musikkterapitenester, gjer dette i samarbeid med POLYFON. Dersom vi skal forstå den relativt kraftige auken frå 2017 til 2018 i Helse Vest, kan det vere grunnar til å ta med i vurderinga at Haukeland universitetssjukehus gjorde vedtak i januar 2017 om å ta i bruk musikkterapi på alle sine klinikkar i psykisk helsevern. Implementeringa byrja her i andre halvdel av 2017 og skaut fart i 2018.

Samsvaret mellom kodebruk og reell bruk av musikkterapi vil truleg auke i åra som kjem, knytt til sterkare vektlegging av innsatsstyrt finansiering (ISF). Det er difor gode grunnar til å følgje med på tala frå NPR framover. Dersom veksten held fram med å vere større i Helse Vest enn i andre helseregionar, vil det vere ein ny indikasjon på at kunnskapsklynge som arbeidsform har noko føre seg. Eit spørsmål då vil vere om det er mogeleg å ta grep som gjer at erfaringane kan kome andre helseregionar til gode, slik at vi får ein kraftigare nasjonal vekst i brukarane sin tilgang til musikkterapi.

Illustrasjonsbildet er delar av ein POLYFON-plakat som illustrerer korleis klyngedeltakarane kan bruke reiskapane i kunnskapsklynga. Vi vel dette bildet, for å minne oss sjølve om alt det gode arbeidet som vert gjort kvar dag, og som vi bør halde fram med å utvikle, skal vi nå måla våre.