POLYFON og musikk som lokalt folkehelsearbeid

Frå boka Music and Public Health kan du no lese kapittelet “Partnerships for health musicking: A case for connecting music therapy and public health practices”.

Har du ikkje tilgang til den publiserte versjonen, kan du lese manusversjonen av kapittelet her.

Kapittelet er skrive av Brynjulf Stige, og brukar eksempel frå POLYFON-samarbeidet i ein diskusjon av forholdet mellom musikkterapi, kulturdeltaking og folkehelsearbeid. I mange samanhengar kan det vere eit spenningsforhold mellom helsevesenet sitt behandlingsfokus på individnivå og det meir system- og kulturorienterte arbeidet med lokalt folkehelsearbeid. I dette kapittelet vert det argumentert for at musikkterapi som behandling og musikk som folkehelsearbeid også kan vere praksisar som støttar kvarandre gjensidig, i alle fall dersom ein samarbeider om utvikling av tenester og tilbod i klinikk og kommune, med brukarane sine behov og interesser i fokus.

Kapittelet inngår altså i boka Music and Public Health, redigert av Lars Ole Bonde (Danmark) og Töres Theorell (Sverige) og gitt ut på det internasjonale forlaget Springer. Boka er fleirstemt, med perspektiv frå ulike fag og tradisjonar, sjå: https://www.springer.com/gp/book/9783319762395

 

Illustrasjonsbilde: Mathias Trekk & Audiotene på scena under Gjenklang-festivalen 2021. Foto: Harald Lexander.