VIL DU SØKJE OM POLYFON-MIDLAR? HUGS WEBINARET 10. JANUAR

POLYFON arrangerer eit informasjons- og inspirasjonswebinar måndag 10. januar 2022, kl. 13.00-14.30, for dei som vurderer å søkje på POLYFON-midlar til aktuelle prosjekt. Påmelding innan laurdag 8. januar, på: polyfon@uib.no. Etter påmelding får du tilsendt ei Teams-lenke.

Karette Stensæth (NMH), Frode Aass Kristiansen (UiB) og Brynjulf Stige (UiB) vert med og gjev råd og informasjon. I tillegg vert det rom for spørsmål og innspel, deling av erfaringar, m.m.

Dei to neste søknadsfrist for POLYFON-midlar er 1. februar og 1. oktober 2022. Webinaret er aktuelt både for dei som er i ein tidleg idéutviklingsfase og dei som nesten har ein søknad ferdig.

Les meir om retningslinjene for forskingsprosjekt og sommarstipend på POLYFONs nettsider.

Illustrasjonsbildet er frå eit tidlegare skriveseminar i POLYFON, der de frå venstre ser Trond Dahle (Bergen kommune), Gunn Karoline Fugle (Helse Førde), Jorunn Bakke Nydal (Kinn kommune), Guri Gjermstad Dypvik (Øygarden kommune) og Solgunn Knardal (NKS Olaviken alderspsykiatriske sykehus). Bildet er ikkje så gamalt, men er likevel tatt i ei fjern fortid då vi faktisk arrangerte slikt fysisk. Vi både vonar og trur at engasjement og diskusjon vert med oss inn i webinar-formatet!